tirsdag 16. februar 2010

10 000 dagar gammal

I går fylte eg 10 000 dagar. Dagen vart feira som dei fleste andre 10 000 dagars-dagar; forbigått i all stillhet. Har ikkje høyrd om nokon som har feira denne dagen, så det er vel kanskje ikkje så stor dag sjølv om talet er veldig rundt. Jaja, det er i allefall ei fin overskrift og ein fin grunn til å skriva eit blogginnlegg.

OL-TV-kveld i dag. Har faktisk litt tid i dag til å sjå på norske atletar som gjer da middelmåtig samtig som eg mimrar tilbake til 1994. Kunne NRK ikkje berre sende Lillehammer OL i reprise istaden for Vancouver OL? Sikkert mykje billegare, og trur nok dei fleste nordmenn hadde likt betre å sjå dei gamle heltane som viste verden kven som var best. Me vil ha Koss, Dæhli, Ulvang, Åmot og Kjus tilbake. Me er kravstore. Me vil ha GULL! Nei, alt var mykje betre før.

Åyy, det er visst nesten to månader sidan sist innlegg. Får vel komme med ein liten oppdatering. 2009 vart avslutta med eit par dagar i Gjøvåg, hjå svigers. Og i Gjøvåg jobbar ein, tidleg morgon og seint kveld. Eg hadde blitt forberedt på skogsarbeid på forhand, og det vart det. Tord fortalte for lenge sidan at dette var ein utmerka måte å gjere eit godt inntrykk på svigers, noko han sjølv følte han hadde lykkast med. Og eg håpar eg og gjorde eit godt inntrykk. Nyttår vart feira i Gjøvåg, med rakettar på VELDIG trygg avstand. Men me både høyrde og såg dei. Og pinnekjøttet av geit var like godt som resten av den heimeproduserte maten som vart sett på bordet.

Deretter fortsatte me til Øynæ (Osterøy), der me tok desse bileta:

Saksa frå bloggen til mammå (måmmå har faktisk blogg): "Sidan ho (Gunhild) har eit franskt mellomnamn og austlandske aner, la eg ei ert under madrassene hennar. Jenta sa ho hadde sove godt, så ho er nok den gardsjenta, som ho hevdar ho er, frå enkle kår eit stykke frå allfarsveg." Måmmå er litt sprø....

Skisesongen har byrja for lenge sidan i Trondheim, litt lite snø og litt kaldt i januar, men da har vorte nokre turar likevel. Gunhild fekk litt betre trening enn meg på ein tur i Klæbumarka, eg hadde tynne ski, og ho fjellski. Det endte i nye ski til ho og litt høgare puls for meg på neste tur.

Ein søndag var me litt seine ut på ski, seine nok til å få med oss solnedgangen på Liaåsen. Kameraet var med i sekken på dei to fyrste turaren, men denne gangen låg det diverre heima. Men det vart ein super tur for det.

Prøvde meg som sjukepleiar ei helg. Verka for meg som eit veldig koseleg og avslappande yrke, men det kan jo hende at andre sjukepleiar har sjukare og fleire pasientar enn den eine eg hadde.

Denne veka er Gunhild på konferanse i Sveits, og eg har planer om å ta igjen mykje av det forsømde dei siste månadane, som å skriva blogg. Og så kan det jo hende eg får juble litt av norske gull innimellom.

2 kommentarer:

Merete sa...

Hurra, endelig blogginnlegg! Alltid godt å følge med på hva som skjer i trøndelagen, takk for oppdateringen!

Astrid sa...

Takk for koslig kveld.Sjølv om det berre vart sølv :o). Klem!