mandag 3. desember 2007

Jul, stress, penger og sånn

Det er desember, advent og eg begynner faktisk å få julestemning. Og i år slepp eg og mesteparten av førjulsstresset, og kalla eksamensperiode. Til tross for uvanleg mykje tid har eg så vidt begynt å tenkje på presangar. Faktisk ligg eg på etterskot med gebursdagspresangar etter hausten. (unnskyld)

Sweco har visst funnet fram til kven som er mest stressa i desember, kanskje den mest omtalte personen knytta til jula, men neppe den viktigast, nemleg Julenissen. Han må nemleg innom 30 000 heimar kvart sekund på julekvelden, halde ein gjennomsnittsfart på 5800 km/h og sleden vil visstnok brenne opp etter berre 4.36 millisekund.

Det dei ikkje har rekna på er den enorme G-krefene nissen opplever. Visst ein fortsett på reknestykket som er nærmare forklart på http://www.bt.no/jul/article451056.ece, og antar at nissen må stoppe opp kvar gang han skal levere ei pakke (han kjem ned pipar og fer opp igjen samme veg, ergo må han stoppe opp), kjem eg til at nissen opplever minst 70 000 000 G kontinuerleg. Ettersom nissen er ein ganske romsleg kar, vil han oppleve at han veg omlag 10 milliarder kg. I tillegg må han svinge litt av og til, noko som fører til enda større krefter.

Det er bra de bruker tida på Sweco til noko nyttig, Erlend. Men eg synst å hugse at nokon rekna på dette i fjor og.

PS:
Såg nettopp IKEA-gründer Ingvar Kamprad på nyhendene, som meiner at jula har vorte for kommersiell og begynner for tidleg. Samme person reiser på økonomiklasse, og skryt av at han har fått tak i billegbillettar. Og sjølv om han er god for omlag 200 milliardar, kjører han ein 15 år gammal Volvo. Han er den økonomiske helten min og stiller i samme klasse som onkel Skrue.

mandag 12. november 2007

Alternativ varmepumpe

Etter å ha gått 5 år på Energi og MILJØ, vert ein faktisk litt bevisst på energibruk. Lite varmetap var faktisk viktig da eg kjøpte leilegheit. Dessverre, så vidt eg har lest meg til, er det ikkje lov å ha varmepumpe her. Det hadde uansett vorte dyrt da eg bruker ganske lite straum til oppvarming.

Ein billegare og tillate løysing er å bruke ein gammal fryseboks som varmepumpe. Den må da stå i stova og eg kan tenkje meg at den må fyllast dagleg med ei ny bøtte med vatn ettersom ein liten fryseboks har ein nedfrysingskapasitet på 10-12 kg/døgn. Vatnet vert kjølt ned og frys, og energi går frå vatnet til rommet.

Dersom ein antar at effekten til fryseboksen er på 50 W, (trur faktisk dette er litt mykje), at den går kontinuerleg og at den greier å kjøle ned 10 kg vatn frå 20 grader til -18 grader på 24 timar. I tillegg til 50 W varme frå den elektriske energien, får ein da 53 W varme frå vatnet. Det gir ein virkningsgrad på 2,1. Ein får dermed dobbelt så mykje varme som om ein hadde brukt ein elektrisk omn!

Da er det berre å finne nokon som gjev vekk ein fryseboks på finn.no.

Eit problem er isen. Den må takast ut for at ideen skal verke. Men det er sikkert plass til litt på terrassen.

lørdag 6. oktober 2007

96.9% sjanse for seriegull!!!

Sånt liker eg. Ikkje berre den høge sannsynligheta, men at nokon (Norsk Regnesentral), sett av tid og ressursar til å rekne på artige ting.

MEN: Eg reknar med at simuleringa er gjord på grunnlag av resultata hittil denne sesongen. Og eg vil tru at sannsynligheta for at Brannspelarane ikkje greier å halde håve kaldt er ganske stor, slik at resultata tidlegare i sesongen nok er eit dårleg grunnlag for simulering.

Så sannsynligheta er nok større enn 3.1% for at Brann rotar det til... Men er likevel optimistisk nok til å tru at det går rette veien!!!

http://www.bt.no/sport/gulletskahem/article420688.ece

mandag 1. oktober 2007

Fordelar og ulemper med å bu åleina

Av ein eller annan grunn vert det eit stort ope rom mellom denne teksten og tabellen...


































FordelarUlemper
Steikeovnen er alltid ledigKan ikkje ringe å bestille oppvarma ovn
OppvaskemaskinNei
5 hyller i kjøleskapet istadenfor ei.Kan ikkje snylte på nokon andre når det mangler mjølk, ketsjup eller liknande.
Kan like godt rydde med ein gang sidan eg må gjere det sjølv før eller sidan.Må gjere det sjølv.
Badet er alltid ledigKan ikkje høyre på folk som syng i dusjen, og heller ikkje låne shampoo.
Kan sjølv bestemme kva eg eg skal sjå på TV'enHar nesten ingen DVD'er lenger
Ingen pratsomme sunnmøringarIngen pratsomme sunnmøringar

lørdag 22. september 2007

Dagens sitat:

"Tor Inge, visst det er slik at brettspel er for kristne som alkohol for andre, har du eit imponerande barskap." Torkel

torsdag 30. august 2007

Høghastighetsbane

Krfu har foreslått å bygge høghastighetsbane mellom Bergen og Oslo, i tunnel! Lo litt før eg begynte å rekne på det.

Lærdalstunnelen kosta om lag 1GNOK (1 000 000 000 kr) i 2002 og er om lag 25 km lang. Mellom Bergen og Oslo er det om lag 300 km i luftlinje. Det gir ein pris på 12GNOK, 2500 kr/nordmann, 0,7% av Oljefondet eller 0,8% av BNP. Til samanlikning skal Norwegian bruke 18GNOK på nye fly.

Prisen forutsett sjølvsagt at tunnelane vert bygd i godt vestlandsk fjell, og at det er nokon luftehol under vegs. På austsida av fjellna kan dei heller byggje i friluft, det kan da umogeleg gjere det dyrare.

Kanskje ikkje så dum idè likevel. Høghastighetsbane vil uansett spare store summar i sårt trengt vedlikehald av eksisterande jernbane, redusere flytrafikken og tungtransporten på vegane. Og tenk så enkelt; Tog mellom dei to største byane i Norge på 2,5 timar!!!

onsdag 22. august 2007

Tor Inge

Har snudd litt fram og tilbake på namnet mitt, og funnet ut at det eigentleg passer litt.

Tor -> tro, ein viktig del av livet mitt!
Tor -> rot, treng vel neppe djupare forklaring.
Inge -> geni, vel, vel, det var vel å ta litt hardt i...
Inge+n -> gnien, i allefall sparsommeleg

Kom på ein ting til da eg fekk fekk signaturen min i Siemens, som består av bokstavar frå for og etternamn: TRei.

Er veldig glad for at dei ikkje tok med ein bokstav til frå etternamnet...

fredag 3. august 2007

Deutchland, Deutchland unter alles

Trur kanskje aldri eg kunne trivast med å bu i (Sentral-)Europa over ein lenger periode. Har vel aldri vore noko bymenneske, må ha litt natur og rom rundt meg. Trondheim er greit, så lenge ein kjem seg litt utanom sentrum.

Var i Munchen og ein liten plass som heiter Heidenheim tidlegare i sumar. München er forresten nettopp kåra til beste by i verda å bu i av eit eller anna magasin. (note til meg sjølv: hugs å notere referansar i framtida). Kjenner meg igjen i mykje av skildringa: Mange vakre bygningar og gjennomført arkitektur, store parkar, god (og kraftig) mat, eit utruleg bra kollektivsystem med InterCity Express, lokaltog, S-bahn, U-bahn, trikk og buss, ryddig, reint og lite kriminalitet. Men det treff ikkje meg heilt. Arkitektur er fint det, men det har aldri gitt meg ein wooow-opplevelse. Tilrettelagde parkar kan ikkje samanliknast med "the real thing". Og ein toppa tallerken med 75% kjøtt, 20% sauerkraft og to tomatskiver på restaurant tilsvarer 2 veker av mitt normale kjøttforbruk.

Men tross alt, visst eg måtte bu i ein storby, trur eg Munchen hadde vore eit naturleg valg. Det er jo ganske kort avstand til Alpane...

Vil til slutt anbefale Deutche Museum i Munchen, eit gigantisk teknisk museum som har alt av frå alle tidsepokar. Trur det er første gangen nokon har hatt problem med å dra meg ut at eit museum... Høgdepunkt som kan nemnast: Skikkeleg gamle elektriske motorar, demonstrasjonen av lyn og ein original grønlands kajakk.

lørdag 21. juli 2007

Vekas dårlege idè: Sprenge ein kval

Visst du ikkje vil vete meir om dette, ikkje les meir!

Eit kvalkadaver vart funnet utanfor Bergen denne veka. Bergens Tidene vurderte ulike måter å kvitte seg med dette luktproblemet. (http://www.bt.no/lokalt/bergen/article385602.ece) Eit av alternativa var å sprenge kvalkadaveret. Dette vart prøvd i USA i 1970 da ein stranda kval stranda på ei strand og ingen hugsa korleis ein skulle kvitte seg med det. 500 kg dynamitt vart brukt, noko som var nok til at tilskuarane vart bombandert med større og mindre kvalbetar. Måsane, som skulle ete opp restane etter kvalen vart og skremt, og det endte med at kvalen måtte samlast opp i betar.(http://youtube.com/watch?v=1_t44siFyb4&mode=related&search=)

BT anbefalte og å ikkje nærme seg kadaveret, da gassar i tarm og mage kan føre til at det sprenger. Dette skjedde da eit kvalkadaver skulle fraktast gjennom ein by i Taiwan. Ikkje noko pent syn. (http://www.angelfire.com/cantina/whale/)

Det var eit utdrag av sumarens agurknyheter. Vil du lese fleire dumme nyheter, vil eg anbefale vg.no og dagbladet.no for tida. Det er og verd å leggje merke til at dagbladetjournalistane får lov til å skrive "blogginnlegg" om sine hjartesaker, som vert fyrstesideoppslag på dagbladet.no.

fredag 13. juli 2007

Sau!

Sauer er dumme dyr, men denne er litt artig og. Last ned og opn fila. Fila kan opnast fleire ganger samtidig!

http://folk.ntnu.no/toringr/Sau/

Vekas nerdetips: Bineær addisjonsmaskin

Er nerdeta nok til å synast at dette er ein kjempeidè!

torsdag 12. juli 2007

Henger meg på bloggbølgja, endeleg!

Har ferie og det regner ute, så nå er det tid for å opprette ein blogg, noko eg har planlagt i omlag to år. Har til og med laga "heimalaga" blogg, men den vart desverre aldri heilt ferdig. Kan hende at den dukkar opp etter kvart...

Litt usikker på kva eg skal bruke denne bloggen til enda, og kven som kan vere interessert i å lese den... Men skal skal prøve å få med viktige ting som skjer i mi litt rare verd. (Eller er den så veldig rar eigentleg?) I tilleg kan det hende at eg deler litt rare tanker, alvorleg spørsmål, gøye ting og alt ant som eg får lyst til å skrive om.