torsdag 25. desember 2008

mandag 15. desember 2008

Haustbileter

Nokre haustbileter, dei fleste frå Rensfjellet














torsdag 4. desember 2008

Gøyaste dagen på jobb hittil!

...men kunne og vorte ein veldig kjedeleg dag.

Det er alltid spennande å teste eit anlegg, men det er ekstra spennande når ein sjølv har funnet på måten å teste det på, og dei gamle ringrevane synest det var ein "artig" ide som lett "kunne" verka. Etter 4 dagar med rigging, simulering og kløing i hovudet greide me å luke ut mange feil som lett kunne ført til store straumar, eksplosjonar, brannar og smelting av metall.

Eg var eigentleg ganske sikker på at det ville gå bra da me endeleg var klare til å starte opp. Men så legg skulle det ikkje vere. Strømmen svinga som besett, og det høyrdest ikkje ut som omformaren hadde det særleg godt. Ein annan nykomming hadde sett feilen nokre timar før, men ein høyrer ikkje alltid på nokon utan erfaring. Den måtte påpeikast av ein gamal ringrev før me fann det best å gjere noko med det.

Resten av dagen og kvelden var det eigentleg berre halleluja-stemning. Alt virka, ingenting blei varmt og me slepp å bruke resten av månaden på å forklare og spøke med at me har sprengt eit anlegg. (som andre har måtte gjordt i det siste)

Gler meg til neste test i prøvefeltet, som begynner allereie i morgon :-)

mandag 1. desember 2008

Interrail - Del I









På tide å skrive reisebrev/blog snart, før eg gløymer ut alt.

Lite av turen var planlagt på forhand. Me hadde kjøpt Lonely Planet for Aust-Europa i tillegg til ei amerikansk reishandbok. Aust-Europa var nemleg planen den fyrste veka.

Dag 1:

Ferien hadde nærma seg alt for fort, og alt for mykje skjedde sjølvsagt siste dag på jobb. Men den litle brannen i transformatoren var ikkje min feil... Vart no sånn cirka ferdig med alt eg skulle gjere. Eller fekk nokon andre til å gjere det.

Sneik meg i allefall ut og på det første toget på reisa, ettermiddagstoget til Oslo. Der møtte eg Knut, som skulle få vere maks ein halv km frå meg dei neste 3 vekene.

Dag 2:

Etter ei natt i Oslo, gjekk turen sørover. Götenborg, Malmö, Køpenhavn. Sistnemde er den første aktuelle byen til å få vere med i reiseboka «Storbyar i Europa på under 2 timar». Dersom me hadde eit par timar i ein by til neste tog gjekk vidare, kunne me lika godt skomma fløyten av det viktigaste å sjå i byen, sjølvsagt utan nokon form for guiding.

Prosedyren er enkel: Ein kjem til ein ny by, sjekkar når neste tog går og om det går frå stasjonen ein er komme til, finn ein plass å plassere sekkane dersom det er tid eller ikkje altfor lang kø, får tak i eit kart, ser om ein finn nokon turistplassar som er i nærleiken av togstasjonen, går i RETT retning ut frå stasjonen, et det første og beste ein får auge på, fortsett på rundturen og passer på at ein kjem tilbake til stasjonen akkurat tidsnok til å finne nokon ledige seter på toget. Kjapt, effektivt og masse bileter!

Tilbake på toget og togbåt over til Tyskland. Danskane er nemleg galne nok til å kjøra heile tog inn på båtar og frakta dei over til fastlandet. Allerede på båtturen begynnte me å sakna den friske norske lufta. Over det europeiske kontinent framom oss låg nemleg ein vemmeleg gul dis. Såg ikkje heilt bra ut. Og den lufte skulle me puste inn i 3 veker....

Etter kvart begynnte det å verte seint, så seint at det var på tide å finne eit hotell. Me hoppa derfor av toget i Lübeck, eit tilfeldig og godt val. Me rakk akkurat å finne eit ledig gjestehus før resepsjonen stengte. Lübeck er absolutt ein by som er verd å besøke. Êin gammal, rik handelsby med mange vakre hus, gjennomført stil og kyrkjer i alle himmelretningar.

Dag 3:

Vidare til Hamburg og Berlin i 320 km/t. Det går utruleg mange tog i Europa og det kan vere vanskeleg å få oversikten. Heldigvis har Deuche Bahn ei kjempegod søkeside, db.de. Søker du på Trondheim-Roma, får du opp bra reiseruter, og det tar faktisk ikkje så utruleg lang tid. Men me hadde ikkje internettilgang på toga. Løysinga vart derfor å ta bilete med mobilen av skjermen på internettkafeer. Me leita opp ulike aktuelle reiseruter og tider som kunne vere aktuelle, slik at me kunne velge litt medan me reiste.

Ein rask gåtur gjennom Berlin med ryggsekker Fekk i allefall sjå Brandenbürger Tor og forberedelsar til VM-finalen. Såg ut som det var enorme mengdar med folk som skulle samlast for å sjå. Men me hadde ikkje tid til å vente eit par dagar på finalen. Turen gjekk vidare til Praha samme ettermiddagen, gjennom små, trange, svingeta dalar. Me fann til slutt eit lubbent og billeg hostel og ein litt bedre plass å ete middag. Me prioriterte eigentleg god middag framfor ein fin plass å bu. Trur me brukte omtrent like mykje på mat som på overnatting.

Dag 4:

Endeleg ein dag utan reising. Heile dagen vart tilbring i Praha, kanskje den vakraste byen me var i på heile turen. Arkitekturen var 100% gjennomført i gamlebyen, som var skikkeleg stor.

På kvelden var me på kammermusikk-konsert. Eg synest det var kjempebra, Knut som speler fiolin, hadde høyrd bedre. Av og til er eg glad for at eg ikkje er altfor musikalsk.