torsdag 24. desember 2009

God Jol!

Det vert diverre ikkje nokon julekort i år heller, men dei som ynskje oppdatering om kva som har skjedd det siste året, kan jo til dømes lesa denne bloggen. Trur det viktigaste er tatt med her :)

Feirar jul på Osterøynæ som vanleg. Veldig kjekt å vere heima ei stund, spesielt sidan eg berre var heima ein kveld i sumar. Og det er bra med fint ver og kvit jul :) Har vorte litt aking og trasking i snøen, og kanskje eg skal låne eit par ski etterkvart?

I dag er det julafta, og me får besøk av tante og bestemor. I morgon og overmorgon er det familieselskap på rekkje og rad, deretter går turen til Tysnes (gler meg), så tilbake til øynæ og opp igjen til bartebyen søndag etter nyttår.

Årets julesangtips: Garness - Barnet i krybben

Eg vil ynskja alle ei velsigna god jul. Og hugs: Ingen jul utan Jesus

"I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.

Han var i opphavet hos Gud.

Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til
i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.

Det sanne lyset
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.

Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.

Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.


Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde.

For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

Ingen har nokon gong sett Gud,
men den einborne, som er Gud,
og som er i fanget til Far,
han har synt oss kven han er.
"

Johannes 1.1-5, 9-14, 16-18

Ingen kommentarer: