tirsdag 9. september 2008

Ford Taunus

Merete masar slik om at det er lenge sidan eg har skrevet på bloggen, så eg føler meg tvungen til å gjere det no. Og det skal komme innlegg om sumarferien, med bileter, før neste sumar.

Fatter'n sin første bil var ein Ford Taunus, 1974 modell trur eg. Taunusen var lik den på biletet, berre med ein litt sterk gulfarge. Sidan eg ikkje kan hugse at han klagte over den, tenkte eg det var ein god ide å begynne der eg og.
Det er vanskeleg å finne gode Taunuser, årgang 1974 for tida. Dei er for da mesta gjennomrusta og har runda dei magiske 66 tusen km. Og den rette gulfargen er umogeleg å finna. Kollisjonsputar, abs, antispinn, antiskrens, regulerbart ratt, ryggesensorer, klimaanlegg, regnsensor, innebygd tv, massasjesete og badstue finst ikkje på ekstrautstyrslista eingang.

Etter å ha tråla nesten alle bilforetningane i Trondheim fann eg det som må vere ein etterkommar. Litt større, litt sterkare, litt nyare, litt mindre rust, litt rolegare farge, litt mindre rånefaktor og litt dyrare. Ikkje like fornuftig som Corolla, men nesten.

Det måtte bli Europas nest mest selde bil dei siste åra, Ford Focus. Ikkje for orginal, ikkje for ordinær. Tysk kvalitet. (Sjå opp for skult reklame for Siemens) Den beste girkassa eg har vore bort i. Større plass enn ein Berlingo? (Ja, det er stasjonsvogn... finst nesten ikkje noko anna for tida, og det er stor plass til alt mogeleg rot i dei)
Fattern kjøpte sin første bil for ca 30 år sidan. For 3 år sidan kjøpte han bil nr. 3. Og den kjem han sikkert til å ha i 10 år til.

Kan ikkje love å ha Focusen i 15 år, men den burde holde ei stund..

Gler meg til å hente bilen om ei veke :-)

søndag 29. juni 2008

Paa Jarnvegen

Da har ferien begynnt og dei europeiske jernbanespora skal slitast ned. Turen begynnte i Trondheim, og sidan litt av meiningen med turen er aa reise miljovennleg, tok nsb meg til Oslo. Og sidan har det vore mykje tog. Meiningen var aa reise fraa Oslo til Berlin paa under eit dogn, men sidan nattoget antageleg var fullt, blei turen lagt om Danmark. Ein liten ferjetur blei det og, ettersom danskane absulutt skal ta toget med over sjoen. Me hoppa av toget i Lubeck, og det var absolutt paa tide aa finne ein plass og sove. Lubeck er forresten ein by aa anbefale, da mange rike handelsmenn har konkurert om aa bygge dei finaste kyrkjena og andre bygningar.

Det vart tid til aa faa med seg litt av Berlin foer turen gjekk vidare til Praha, og ein fantastisk by med fantastisk mange nordmenn.

I dag har det vore reisedag igjen. Me kom oss til slutt paa vognene som skulle der me ville, og havna etter 8 timar i Krakow.

I morgon vert det litt tusling her i byen og ein tur til Auswitch. Det blir sikkert interessant Deretter nattog til Budapest.

Hmm, kanskje litt lite artige historier, men alt har eigentleg gatt ganske smertefritt til no og er ikkje i skrivemodus/det kreative hjornet akkurat no

mandag 2. juni 2008

Glad eg bruker sykkelhjelm!

No tenker du sikkert at eg har trynt på sykkel igjen, men ikkje denne gangen.

Da heila begynte nemleg i dag da eg hadde sløst vekk eit par timar med nydeleg ver og heller jobba overtid. Det verka som kråka venta på meg når eg kom ut av døra. Den såg rett på meg og skreik medan eg gjekk forbi treet den sat i. I da eg passerte under, flaug den ned og omlag 1 meter over meg.

Ja, ja, eg kom meg i allefall bort til sykkelen og fekk på meg hjelmen. Kråka sat enda i treet og var like sint. Eg låste opp sykkelen og sto stille i 5 sekund medan eg vurderte kråka og vegvalet mitt. Eg kunne gå i ein ring rundt treet, heilt inn til veggen på Siemens-blokka, utan at eg kom nærare treet med kråka. Alternative ville vere ein omveg på minst 100 meter. Men valet var lett, ei kråke kan da umogeleg vere farleg.



Eg satte meg roleg på sykkelen og sykla den tenkte ruta. Men det var ikkje kråka einig i. Igjen stupte den mot meg, denne gangen omlag 1 meter over meg. Det begynnte å verte utriveleg no. Føtene gjekk raskare no, men ikkje sykkelen gjekk for seint. Altfor lett gir. Men no måtte eg konsentrere meg om kråka. Eg hadde sole i ryggen, og såg styggen til kråka komme mot meg bakfrå. For å unngå kråka la eg meg ned mot styre. Denne gangen kunne eg høyra flaksing til kråka i da den snudde rett over meg.

Framfor meg var det nokon trer. Kanskje eg kunne utmanøvrere kråka ved å sykle tett mellom dei. Kråka flaug ikkje rett på eit tre, slik som eg hadde håpa, men heldigvis ikkje på meg heller. Men den var nærare enn nokon gang.

Berre 10 meter igjen til vegen med mange bilar. Dersom eg kom meg til fotgjengarovergangen og bilane ville kanskje kråka gje seg. Alternativt ville mange fått seg ein god latter dersom dei hadde sett ein samankrøkt syklist med ei innpåsleten kråke over hovudet. Men kråka hadde enda tid til eit angrep før vegen. Det var ikkje nokon fleire tre å slenge seg rundt no. Eg var i ope og farleg terreng. Skuggen til kråka kom enda lågare denne gangen. Eg låg no heilt nede med brystet mot styret. Overgangen nærma seg og eg måtte løfte hovudet og sjå etter bilar. Akkurat da eg hadde konstatert at det ikkje kom nokon traff kråka. Den sneia nedi hjelmen min snudde for siste gang.

Har aldri vore redd fuglar før, men trur eg skal vurdere bruke den andre inngangen i morgon tidleg, i allefall visst det sit ei kråke i treet. Og kanskje Hitchcock sin film "Fuglene" er skummel neste gang eg ser den?

onsdag 14. mai 2008

Ei gal verd

Norsk media ein mandag:

Massevelt i Giro De Italia. Katastrofe og slagmark er nokre av skildringane frå kommentatorane som prøver å overgå kvarandre.

Samtidig i Burma: 1,5 millionar menneskjer står i fare for å døy. Minst 100 000 er allereie omkomme.

Samtidig på vg.no: To saker om Burma langt nede på fyrstesida.

Samtidig på dagbladet.no: Ei sak om Burma.

Samtidig på aftenposten.no: Ei sak om Burma.

Samtidig i Kina: 3000-5000 omkomne i jordskjelv.

26. desember 2004: 285 000 omkom i tsunami. 84 nordmenn. Stor del av mediedekningen handla om UD sitt rot med lister over sakna.

11. september 2001: 3000 omkomne. Ein dato som alltid vil være forbundet med det som skjedde i New York.

Ålesund: 5 omkomne i bustadblokk.

Kvar dag: 25 000 dør av svolt. Hender det er eit oppslag i media.

Hmm, har aldri forstått prioriteringane til media. Når eg ser på talla her, finn eg liten samanheng mellom antall døde og mediaomtale i norsk media. Fortener 285 000 asiatar, 84 nordmenn eller 3000 amerikanere mest oppmerksomhet? Kva med 10 millionar som dør av sult kvart år?

Verden har vorte mindre. Me reiser verden rundt, handlar med kvarandre, jobbe saman med asiatar og prøver å lære afrikanere å stå på ski. Asia og Afrika er ikkje lenger lengre vekke enn Amerika.

Sjølv om alle katastrofane kan verke langt vekke frå meg, men det er vel min gale verden og.

tirsdag 25. mars 2008

Korleis slette alle kontaktane sine på msn?

Microsoftprogrammer som samarbeider kan verte eit problem når ein prøver å gjere noko som ikkje er meint å gjerast.

Tildømes å vere pålogga på msn på fattern sin pc, samtidig som ein fikser epostklienten. Outlook er da så smart at det utan vidare importerer kontaktane frå (min) msn. Dersom ein prøver å slette desse kontaktane frå Outlook, sletter ein samtidig kontaktane på msn. Og derfor er eg ganske vennelaus og føler meg ganske åleina akkurat no....

Kunne faktisk eit par adresser utanatt, men treng hjelp. Send meg derfor eit "hei" eller noko slekt medan eg er pålogga, så dukke du oppatt på skjermen min.

Dersom du aldri har hatt æren av å ha meg som venn på msn, kan eg opplyse om at epost-adressa mi er <1.fornamn>.<2.fornamn>@ einasteetternamn.net og at eg aldri har avvist nokon...

mandag 10. mars 2008

Vekas spel

Artig spel der alt snur seg på håvve.

http://www.onemorelevel.com/game/shift

og den litt meir utfordrande oppfølgjaren:

http://armorgames.com/play/964/shift-2

lørdag 1. mars 2008

Vekas nøtt

Fyll ut med operatorar (+, - ....) på venstre side av erlikteiknet for å få reknestykket til å stemme. Tal og bokstavar er forbodne.

1 1 1 = 6

2 2 2 = 6

3 3 3 = 6

4 4 4 = 6

5 5 5 = 6

6 6 6 = 6

7 7 7 = 6

8 8 8 = 6

9 9 9 = 6

10 10 10 = 6

Middag til førstemann med rett svar!

Tips for å unngå misforståingar:
Løysinga på den andre oppgåva, den enklaste er 2+2+2=6.
Minst 6 forskjellege operatorar må brukast.

torsdag 28. februar 2008

Korleis bli ein betre/verre syklist

Etter 5,5 år som syklist i Trondheim er eg enda i livet. Eg har heller ikkje skada meg, ikkje sykla på folk eller hundar, berre dåtte eit titals gangar og berre sykla på ein drosje (det gjekk utruleg nok bra med drosjen). Derfor synst eg det er på tide å avsløra oppskrifta på suksessen, som eg håpar vil vere til nytte for alle andre litt galne syklistar.

Det finst ikkje noko fasitsvar for korleis ein skal oppføre seg i bestemte trafikksituasjonar. Kvar enkelt situasjon må bedømmast. Riktige prioriteringar er viktige for å finne ein god, rask og nokolunde sikker løysing:

1) Det viktigaste er å ikkje bli påkjørt eller på andre måtar daua eller skade seg.

2) Oppdra bilistar; Ver tydeleg på at du som syklist har retten på di sia når du møter ein bilist, spesielt når du faktisk har forkjørsrett.

3) Komme seg raskt fram, sjølv om det kjem i konflikt med punkt 5.

4) Ikkje hindre bilistar unødvendig, elles blir dei berre sure og prøver å kjøre på deg. Det er ikkje noko grunn til å sykle på den trafikkerte vegen, når det er ein fin sykkelsti nett attmed. Dersom det er is eller snø på sykkelstien, blir saken ein litt anna.

5) Å halde trafikkreglane er det minst viktige punktet. Det hjelper deg berre i liten grad å halde punkt 1.

PS: Forfattaren tar ikkje noko ansvar for ulykker som måtte oppstå etter at lesaren har prøvd ut råda gitt i denne teksten.

mandag 18. februar 2008

Lenge sidan sist

Hmm, over to månader sidan eg har skrevet noko her. Føler det er på tide å komme i gang igjen, men har eigentleg ikkje noko fornuftig å skrive. Derfor blir det eit diverse-innlegg.


Se fotball og dø (vl.no)

Fotball er farleg spennande, og statistikk viser at sjansen for å få hjarteinfarkt under fotballkampar er mangedobla. Enda ein grunn til å halde fotballinteressen på det minimale.


Siemensnytt

Siemens leiger ut lokale til Antisimex (skadedyrutryddingselskap)...


Gis bort

på finn.no er genialt. Her kan ein blant anna gje vekk:

Gammelt fjøs
Store steiner 1/2 til 1 tonn
100m2 hus
Tomflasker ein ikkje gidder å pante sjølv

mandag 3. desember 2007

Jul, stress, penger og sånn

Det er desember, advent og eg begynner faktisk å få julestemning. Og i år slepp eg og mesteparten av førjulsstresset, og kalla eksamensperiode. Til tross for uvanleg mykje tid har eg så vidt begynt å tenkje på presangar. Faktisk ligg eg på etterskot med gebursdagspresangar etter hausten. (unnskyld)

Sweco har visst funnet fram til kven som er mest stressa i desember, kanskje den mest omtalte personen knytta til jula, men neppe den viktigast, nemleg Julenissen. Han må nemleg innom 30 000 heimar kvart sekund på julekvelden, halde ein gjennomsnittsfart på 5800 km/h og sleden vil visstnok brenne opp etter berre 4.36 millisekund.

Det dei ikkje har rekna på er den enorme G-krefene nissen opplever. Visst ein fortsett på reknestykket som er nærmare forklart på http://www.bt.no/jul/article451056.ece, og antar at nissen må stoppe opp kvar gang han skal levere ei pakke (han kjem ned pipar og fer opp igjen samme veg, ergo må han stoppe opp), kjem eg til at nissen opplever minst 70 000 000 G kontinuerleg. Ettersom nissen er ein ganske romsleg kar, vil han oppleve at han veg omlag 10 milliarder kg. I tillegg må han svinge litt av og til, noko som fører til enda større krefter.

Det er bra de bruker tida på Sweco til noko nyttig, Erlend. Men eg synst å hugse at nokon rekna på dette i fjor og.

PS:
Såg nettopp IKEA-gründer Ingvar Kamprad på nyhendene, som meiner at jula har vorte for kommersiell og begynner for tidleg. Samme person reiser på økonomiklasse, og skryt av at han har fått tak i billegbillettar. Og sjølv om han er god for omlag 200 milliardar, kjører han ein 15 år gammal Volvo. Han er den økonomiske helten min og stiller i samme klasse som onkel Skrue.