torsdag 28. februar 2008

Korleis bli ein betre/verre syklist

Etter 5,5 år som syklist i Trondheim er eg enda i livet. Eg har heller ikkje skada meg, ikkje sykla på folk eller hundar, berre dåtte eit titals gangar og berre sykla på ein drosje (det gjekk utruleg nok bra med drosjen). Derfor synst eg det er på tide å avsløra oppskrifta på suksessen, som eg håpar vil vere til nytte for alle andre litt galne syklistar.

Det finst ikkje noko fasitsvar for korleis ein skal oppføre seg i bestemte trafikksituasjonar. Kvar enkelt situasjon må bedømmast. Riktige prioriteringar er viktige for å finne ein god, rask og nokolunde sikker løysing:

1) Det viktigaste er å ikkje bli påkjørt eller på andre måtar daua eller skade seg.

2) Oppdra bilistar; Ver tydeleg på at du som syklist har retten på di sia når du møter ein bilist, spesielt når du faktisk har forkjørsrett.

3) Komme seg raskt fram, sjølv om det kjem i konflikt med punkt 5.

4) Ikkje hindre bilistar unødvendig, elles blir dei berre sure og prøver å kjøre på deg. Det er ikkje noko grunn til å sykle på den trafikkerte vegen, når det er ein fin sykkelsti nett attmed. Dersom det er is eller snø på sykkelstien, blir saken ein litt anna.

5) Å halde trafikkreglane er det minst viktige punktet. Det hjelper deg berre i liten grad å halde punkt 1.

PS: Forfattaren tar ikkje noko ansvar for ulykker som måtte oppstå etter at lesaren har prøvd ut råda gitt i denne teksten.

Ingen kommentarer: