onsdag 14. mai 2008

Ei gal verd

Norsk media ein mandag:

Massevelt i Giro De Italia. Katastrofe og slagmark er nokre av skildringane frå kommentatorane som prøver å overgå kvarandre.

Samtidig i Burma: 1,5 millionar menneskjer står i fare for å døy. Minst 100 000 er allereie omkomme.

Samtidig på vg.no: To saker om Burma langt nede på fyrstesida.

Samtidig på dagbladet.no: Ei sak om Burma.

Samtidig på aftenposten.no: Ei sak om Burma.

Samtidig i Kina: 3000-5000 omkomne i jordskjelv.

26. desember 2004: 285 000 omkom i tsunami. 84 nordmenn. Stor del av mediedekningen handla om UD sitt rot med lister over sakna.

11. september 2001: 3000 omkomne. Ein dato som alltid vil være forbundet med det som skjedde i New York.

Ålesund: 5 omkomne i bustadblokk.

Kvar dag: 25 000 dør av svolt. Hender det er eit oppslag i media.

Hmm, har aldri forstått prioriteringane til media. Når eg ser på talla her, finn eg liten samanheng mellom antall døde og mediaomtale i norsk media. Fortener 285 000 asiatar, 84 nordmenn eller 3000 amerikanere mest oppmerksomhet? Kva med 10 millionar som dør av sult kvart år?

Verden har vorte mindre. Me reiser verden rundt, handlar med kvarandre, jobbe saman med asiatar og prøver å lære afrikanere å stå på ski. Asia og Afrika er ikkje lenger lengre vekke enn Amerika.

Sjølv om alle katastrofane kan verke langt vekke frå meg, men det er vel min gale verden og.

tirsdag 25. mars 2008

Korleis slette alle kontaktane sine på msn?

Microsoftprogrammer som samarbeider kan verte eit problem når ein prøver å gjere noko som ikkje er meint å gjerast.

Tildømes å vere pålogga på msn på fattern sin pc, samtidig som ein fikser epostklienten. Outlook er da så smart at det utan vidare importerer kontaktane frå (min) msn. Dersom ein prøver å slette desse kontaktane frå Outlook, sletter ein samtidig kontaktane på msn. Og derfor er eg ganske vennelaus og føler meg ganske åleina akkurat no....

Kunne faktisk eit par adresser utanatt, men treng hjelp. Send meg derfor eit "hei" eller noko slekt medan eg er pålogga, så dukke du oppatt på skjermen min.

Dersom du aldri har hatt æren av å ha meg som venn på msn, kan eg opplyse om at epost-adressa mi er <1.fornamn>.<2.fornamn>@ einasteetternamn.net og at eg aldri har avvist nokon...

mandag 10. mars 2008

Vekas spel

Artig spel der alt snur seg på håvve.

http://www.onemorelevel.com/game/shift

og den litt meir utfordrande oppfølgjaren:

http://armorgames.com/play/964/shift-2

lørdag 1. mars 2008

Vekas nøtt

Fyll ut med operatorar (+, - ....) på venstre side av erlikteiknet for å få reknestykket til å stemme. Tal og bokstavar er forbodne.

1 1 1 = 6

2 2 2 = 6

3 3 3 = 6

4 4 4 = 6

5 5 5 = 6

6 6 6 = 6

7 7 7 = 6

8 8 8 = 6

9 9 9 = 6

10 10 10 = 6

Middag til førstemann med rett svar!

Tips for å unngå misforståingar:
Løysinga på den andre oppgåva, den enklaste er 2+2+2=6.
Minst 6 forskjellege operatorar må brukast.

torsdag 28. februar 2008

Korleis bli ein betre/verre syklist

Etter 5,5 år som syklist i Trondheim er eg enda i livet. Eg har heller ikkje skada meg, ikkje sykla på folk eller hundar, berre dåtte eit titals gangar og berre sykla på ein drosje (det gjekk utruleg nok bra med drosjen). Derfor synst eg det er på tide å avsløra oppskrifta på suksessen, som eg håpar vil vere til nytte for alle andre litt galne syklistar.

Det finst ikkje noko fasitsvar for korleis ein skal oppføre seg i bestemte trafikksituasjonar. Kvar enkelt situasjon må bedømmast. Riktige prioriteringar er viktige for å finne ein god, rask og nokolunde sikker løysing:

1) Det viktigaste er å ikkje bli påkjørt eller på andre måtar daua eller skade seg.

2) Oppdra bilistar; Ver tydeleg på at du som syklist har retten på di sia når du møter ein bilist, spesielt når du faktisk har forkjørsrett.

3) Komme seg raskt fram, sjølv om det kjem i konflikt med punkt 5.

4) Ikkje hindre bilistar unødvendig, elles blir dei berre sure og prøver å kjøre på deg. Det er ikkje noko grunn til å sykle på den trafikkerte vegen, når det er ein fin sykkelsti nett attmed. Dersom det er is eller snø på sykkelstien, blir saken ein litt anna.

5) Å halde trafikkreglane er det minst viktige punktet. Det hjelper deg berre i liten grad å halde punkt 1.

PS: Forfattaren tar ikkje noko ansvar for ulykker som måtte oppstå etter at lesaren har prøvd ut råda gitt i denne teksten.

mandag 18. februar 2008

Lenge sidan sist

Hmm, over to månader sidan eg har skrevet noko her. Føler det er på tide å komme i gang igjen, men har eigentleg ikkje noko fornuftig å skrive. Derfor blir det eit diverse-innlegg.


Se fotball og dø (vl.no)

Fotball er farleg spennande, og statistikk viser at sjansen for å få hjarteinfarkt under fotballkampar er mangedobla. Enda ein grunn til å halde fotballinteressen på det minimale.


Siemensnytt

Siemens leiger ut lokale til Antisimex (skadedyrutryddingselskap)...


Gis bort

på finn.no er genialt. Her kan ein blant anna gje vekk:

Gammelt fjøs
Store steiner 1/2 til 1 tonn
100m2 hus
Tomflasker ein ikkje gidder å pante sjølv

mandag 3. desember 2007

Jul, stress, penger og sånn

Det er desember, advent og eg begynner faktisk å få julestemning. Og i år slepp eg og mesteparten av førjulsstresset, og kalla eksamensperiode. Til tross for uvanleg mykje tid har eg så vidt begynt å tenkje på presangar. Faktisk ligg eg på etterskot med gebursdagspresangar etter hausten. (unnskyld)

Sweco har visst funnet fram til kven som er mest stressa i desember, kanskje den mest omtalte personen knytta til jula, men neppe den viktigast, nemleg Julenissen. Han må nemleg innom 30 000 heimar kvart sekund på julekvelden, halde ein gjennomsnittsfart på 5800 km/h og sleden vil visstnok brenne opp etter berre 4.36 millisekund.

Det dei ikkje har rekna på er den enorme G-krefene nissen opplever. Visst ein fortsett på reknestykket som er nærmare forklart på http://www.bt.no/jul/article451056.ece, og antar at nissen må stoppe opp kvar gang han skal levere ei pakke (han kjem ned pipar og fer opp igjen samme veg, ergo må han stoppe opp), kjem eg til at nissen opplever minst 70 000 000 G kontinuerleg. Ettersom nissen er ein ganske romsleg kar, vil han oppleve at han veg omlag 10 milliarder kg. I tillegg må han svinge litt av og til, noko som fører til enda større krefter.

Det er bra de bruker tida på Sweco til noko nyttig, Erlend. Men eg synst å hugse at nokon rekna på dette i fjor og.

PS:
Såg nettopp IKEA-gründer Ingvar Kamprad på nyhendene, som meiner at jula har vorte for kommersiell og begynner for tidleg. Samme person reiser på økonomiklasse, og skryt av at han har fått tak i billegbillettar. Og sjølv om han er god for omlag 200 milliardar, kjører han ein 15 år gammal Volvo. Han er den økonomiske helten min og stiller i samme klasse som onkel Skrue.

mandag 12. november 2007

Alternativ varmepumpe

Etter å ha gått 5 år på Energi og MILJØ, vert ein faktisk litt bevisst på energibruk. Lite varmetap var faktisk viktig da eg kjøpte leilegheit. Dessverre, så vidt eg har lest meg til, er det ikkje lov å ha varmepumpe her. Det hadde uansett vorte dyrt da eg bruker ganske lite straum til oppvarming.

Ein billegare og tillate løysing er å bruke ein gammal fryseboks som varmepumpe. Den må da stå i stova og eg kan tenkje meg at den må fyllast dagleg med ei ny bøtte med vatn ettersom ein liten fryseboks har ein nedfrysingskapasitet på 10-12 kg/døgn. Vatnet vert kjølt ned og frys, og energi går frå vatnet til rommet.

Dersom ein antar at effekten til fryseboksen er på 50 W, (trur faktisk dette er litt mykje), at den går kontinuerleg og at den greier å kjøle ned 10 kg vatn frå 20 grader til -18 grader på 24 timar. I tillegg til 50 W varme frå den elektriske energien, får ein da 53 W varme frå vatnet. Det gir ein virkningsgrad på 2,1. Ein får dermed dobbelt så mykje varme som om ein hadde brukt ein elektrisk omn!

Da er det berre å finne nokon som gjev vekk ein fryseboks på finn.no.

Eit problem er isen. Den må takast ut for at ideen skal verke. Men det er sikkert plass til litt på terrassen.

lørdag 6. oktober 2007

96.9% sjanse for seriegull!!!

Sånt liker eg. Ikkje berre den høge sannsynligheta, men at nokon (Norsk Regnesentral), sett av tid og ressursar til å rekne på artige ting.

MEN: Eg reknar med at simuleringa er gjord på grunnlag av resultata hittil denne sesongen. Og eg vil tru at sannsynligheta for at Brannspelarane ikkje greier å halde håve kaldt er ganske stor, slik at resultata tidlegare i sesongen nok er eit dårleg grunnlag for simulering.

Så sannsynligheta er nok større enn 3.1% for at Brann rotar det til... Men er likevel optimistisk nok til å tru at det går rette veien!!!

http://www.bt.no/sport/gulletskahem/article420688.ece

mandag 1. oktober 2007

Fordelar og ulemper med å bu åleina

Av ein eller annan grunn vert det eit stort ope rom mellom denne teksten og tabellen...


































FordelarUlemper
Steikeovnen er alltid ledigKan ikkje ringe å bestille oppvarma ovn
OppvaskemaskinNei
5 hyller i kjøleskapet istadenfor ei.Kan ikkje snylte på nokon andre når det mangler mjølk, ketsjup eller liknande.
Kan like godt rydde med ein gang sidan eg må gjere det sjølv før eller sidan.Må gjere det sjølv.
Badet er alltid ledigKan ikkje høyre på folk som syng i dusjen, og heller ikkje låne shampoo.
Kan sjølv bestemme kva eg eg skal sjå på TV'enHar nesten ingen DVD'er lenger
Ingen pratsomme sunnmøringarIngen pratsomme sunnmøringar