fredag 3. august 2007

Deutchland, Deutchland unter alles

Trur kanskje aldri eg kunne trivast med å bu i (Sentral-)Europa over ein lenger periode. Har vel aldri vore noko bymenneske, må ha litt natur og rom rundt meg. Trondheim er greit, så lenge ein kjem seg litt utanom sentrum.

Var i Munchen og ein liten plass som heiter Heidenheim tidlegare i sumar. München er forresten nettopp kåra til beste by i verda å bu i av eit eller anna magasin. (note til meg sjølv: hugs å notere referansar i framtida). Kjenner meg igjen i mykje av skildringa: Mange vakre bygningar og gjennomført arkitektur, store parkar, god (og kraftig) mat, eit utruleg bra kollektivsystem med InterCity Express, lokaltog, S-bahn, U-bahn, trikk og buss, ryddig, reint og lite kriminalitet. Men det treff ikkje meg heilt. Arkitektur er fint det, men det har aldri gitt meg ein wooow-opplevelse. Tilrettelagde parkar kan ikkje samanliknast med "the real thing". Og ein toppa tallerken med 75% kjøtt, 20% sauerkraft og to tomatskiver på restaurant tilsvarer 2 veker av mitt normale kjøttforbruk.

Men tross alt, visst eg måtte bu i ein storby, trur eg Munchen hadde vore eit naturleg valg. Det er jo ganske kort avstand til Alpane...

Vil til slutt anbefale Deutche Museum i Munchen, eit gigantisk teknisk museum som har alt av frå alle tidsepokar. Trur det er første gangen nokon har hatt problem med å dra meg ut at eit museum... Høgdepunkt som kan nemnast: Skikkeleg gamle elektriske motorar, demonstrasjonen av lyn og ein original grønlands kajakk.

1 kommentar:

Oddrun sa...

o grønlands kajakk.. måtte alle prakteksemplarer snart få en tur på bøljan blå:-D