mandag 16. august 2010

No er det ekstremt lenge sidan sist innlegg og det har skjedd mykje. Dagen etter sist innlegg, 12. mai, gjekk eg nemleg ned på kne, og fekk det svaret eg ville ha. Fortsettelsen kan du følgje på gunhildogtoringe@blogspot.com.

Sumarferien kan oppsummerast slik:

-1 veke på vestlandet med hyttetur og bryllaupsplanlegging.
-10 dagar på Balkan, med lokale guidar: Zagreb, Banja Luka, Zalzar og Beograd.
-1 veke på retreat i Lom, med fjellvandring.
-Bryllaup i Søgne/Kristiandsant til Anja og Trond.

Kanskje det kjem meir frå sumarferien når me har fått selgt leiligheten og gifta oss.

tirsdag 11. mai 2010

No er det lenge sidan eg har skrevet blogg. Då eg skreiv dette, satt eg på hotellet i Nürnberg. Der var eg på ein konferanse i 3 dagar.

Trur eg skal skrive om hendingane dei siste 2,5 månadane ganske raskt, så får me seie at eit bilete seier meir enn 1000 ord.

Tråkktur til Gjervfjellet med Gunhild og to andre tråkkarar. Mykje laussnø og kaving, men me kom til toppen, sjølv utan feller. Ellers har det vorte mange turar i Estenstadmarka og Klæbumarka i vinter.

Ellers har nokon helger gått med til hosting, svimmelhet og sofaligging. Me har ikkje greid å koordinert oss og har vore sjuk annankvar gang. Dermed har me heller aldri funnet ut kven som har smitta kven.

Når begge endeleg var friske samme helg, drog me på kvar vår tur. Gunhild med Tråkk til Blåstøylen, eg med jobben til Åre. Takk til Torstein som arrangerte turen og som vekte meg med å hoppe i senga mi kl 2 på natta.

Så var det påske, på Vestlandet, med ekte vestlandsver. Men passe korte fjellturar var det både på Reigstad og i Gjøvåg, vedstabling og installering av ny pc.


Påsketuren vart utsatt til første laurdag etter påske. Den begynnte litt grått, men regnet forsvann raskt, og solbrillene måtte fram. Nedturen var at eg fann ut at eg hadde gløymd fløyten til middagen. Håpet var at Prestøyhytta skulle vere open slik at me i allefall kunne få litt tørrmjølk. Dessverre var det ingen der, men dei før oss hadde vore meir desperate, og brutt opp låsen. Etterkvar fann me ut at me hadde gløyt meir: begge hadde gløymd tallerken og bestikk…Sola viste seg frå si beste side denne dagen, og resulterte i litt farge og antydning til solbrilleskille. Takk og til mannen med snøscooteren som viste oss vegen tre ganger; da me lurte på om me kjørte rett, da me såg litt forvirra ut når me skulle gå frå parkeringsplassen, og da me hadde gått for langt.


Neste helg var me i bryllaupet til Bernt Harald og Ann-Gjertrud og påfølgjande helg var det Oslo-tur til familien Fossum. Jacob har vorte veldig snakkesalig, og kommenterte det mesta. Me fekk og treffa både familien Seime og familien Wethelund. Sistnemte besøkte me på gården deira i Trøgstad.

tirsdag 16. februar 2010

10 000 dagar gammal

I går fylte eg 10 000 dagar. Dagen vart feira som dei fleste andre 10 000 dagars-dagar; forbigått i all stillhet. Har ikkje høyrd om nokon som har feira denne dagen, så det er vel kanskje ikkje så stor dag sjølv om talet er veldig rundt. Jaja, det er i allefall ei fin overskrift og ein fin grunn til å skriva eit blogginnlegg.

OL-TV-kveld i dag. Har faktisk litt tid i dag til å sjå på norske atletar som gjer da middelmåtig samtig som eg mimrar tilbake til 1994. Kunne NRK ikkje berre sende Lillehammer OL i reprise istaden for Vancouver OL? Sikkert mykje billegare, og trur nok dei fleste nordmenn hadde likt betre å sjå dei gamle heltane som viste verden kven som var best. Me vil ha Koss, Dæhli, Ulvang, Åmot og Kjus tilbake. Me er kravstore. Me vil ha GULL! Nei, alt var mykje betre før.

Åyy, det er visst nesten to månader sidan sist innlegg. Får vel komme med ein liten oppdatering. 2009 vart avslutta med eit par dagar i Gjøvåg, hjå svigers. Og i Gjøvåg jobbar ein, tidleg morgon og seint kveld. Eg hadde blitt forberedt på skogsarbeid på forhand, og det vart det. Tord fortalte for lenge sidan at dette var ein utmerka måte å gjere eit godt inntrykk på svigers, noko han sjølv følte han hadde lykkast med. Og eg håpar eg og gjorde eit godt inntrykk. Nyttår vart feira i Gjøvåg, med rakettar på VELDIG trygg avstand. Men me både høyrde og såg dei. Og pinnekjøttet av geit var like godt som resten av den heimeproduserte maten som vart sett på bordet.

Deretter fortsatte me til Øynæ (Osterøy), der me tok desse bileta:

Saksa frå bloggen til mammå (måmmå har faktisk blogg): "Sidan ho (Gunhild) har eit franskt mellomnamn og austlandske aner, la eg ei ert under madrassene hennar. Jenta sa ho hadde sove godt, så ho er nok den gardsjenta, som ho hevdar ho er, frå enkle kår eit stykke frå allfarsveg." Måmmå er litt sprø....

Skisesongen har byrja for lenge sidan i Trondheim, litt lite snø og litt kaldt i januar, men da har vorte nokre turar likevel. Gunhild fekk litt betre trening enn meg på ein tur i Klæbumarka, eg hadde tynne ski, og ho fjellski. Det endte i nye ski til ho og litt høgare puls for meg på neste tur.

Ein søndag var me litt seine ut på ski, seine nok til å få med oss solnedgangen på Liaåsen. Kameraet var med i sekken på dei to fyrste turaren, men denne gangen låg det diverre heima. Men det vart ein super tur for det.

Prøvde meg som sjukepleiar ei helg. Verka for meg som eit veldig koseleg og avslappande yrke, men det kan jo hende at andre sjukepleiar har sjukare og fleire pasientar enn den eine eg hadde.

Denne veka er Gunhild på konferanse i Sveits, og eg har planer om å ta igjen mykje av det forsømde dei siste månadane, som å skriva blogg. Og så kan det jo hende eg får juble litt av norske gull innimellom.