torsdag 30. august 2007

Høghastighetsbane

Krfu har foreslått å bygge høghastighetsbane mellom Bergen og Oslo, i tunnel! Lo litt før eg begynte å rekne på det.

Lærdalstunnelen kosta om lag 1GNOK (1 000 000 000 kr) i 2002 og er om lag 25 km lang. Mellom Bergen og Oslo er det om lag 300 km i luftlinje. Det gir ein pris på 12GNOK, 2500 kr/nordmann, 0,7% av Oljefondet eller 0,8% av BNP. Til samanlikning skal Norwegian bruke 18GNOK på nye fly.

Prisen forutsett sjølvsagt at tunnelane vert bygd i godt vestlandsk fjell, og at det er nokon luftehol under vegs. På austsida av fjellna kan dei heller byggje i friluft, det kan da umogeleg gjere det dyrare.

Kanskje ikkje så dum idè likevel. Høghastighetsbane vil uansett spare store summar i sårt trengt vedlikehald av eksisterande jernbane, redusere flytrafikken og tungtransporten på vegane. Og tenk så enkelt; Tog mellom dei to største byane i Norge på 2,5 timar!!!

onsdag 22. august 2007

Tor Inge

Har snudd litt fram og tilbake på namnet mitt, og funnet ut at det eigentleg passer litt.

Tor -> tro, ein viktig del av livet mitt!
Tor -> rot, treng vel neppe djupare forklaring.
Inge -> geni, vel, vel, det var vel å ta litt hardt i...
Inge+n -> gnien, i allefall sparsommeleg

Kom på ein ting til da eg fekk fekk signaturen min i Siemens, som består av bokstavar frå for og etternamn: TRei.

Er veldig glad for at dei ikkje tok med ein bokstav til frå etternamnet...

fredag 3. august 2007

Deutchland, Deutchland unter alles

Trur kanskje aldri eg kunne trivast med å bu i (Sentral-)Europa over ein lenger periode. Har vel aldri vore noko bymenneske, må ha litt natur og rom rundt meg. Trondheim er greit, så lenge ein kjem seg litt utanom sentrum.

Var i Munchen og ein liten plass som heiter Heidenheim tidlegare i sumar. München er forresten nettopp kåra til beste by i verda å bu i av eit eller anna magasin. (note til meg sjølv: hugs å notere referansar i framtida). Kjenner meg igjen i mykje av skildringa: Mange vakre bygningar og gjennomført arkitektur, store parkar, god (og kraftig) mat, eit utruleg bra kollektivsystem med InterCity Express, lokaltog, S-bahn, U-bahn, trikk og buss, ryddig, reint og lite kriminalitet. Men det treff ikkje meg heilt. Arkitektur er fint det, men det har aldri gitt meg ein wooow-opplevelse. Tilrettelagde parkar kan ikkje samanliknast med "the real thing". Og ein toppa tallerken med 75% kjøtt, 20% sauerkraft og to tomatskiver på restaurant tilsvarer 2 veker av mitt normale kjøttforbruk.

Men tross alt, visst eg måtte bu i ein storby, trur eg Munchen hadde vore eit naturleg valg. Det er jo ganske kort avstand til Alpane...

Vil til slutt anbefale Deutche Museum i Munchen, eit gigantisk teknisk museum som har alt av frå alle tidsepokar. Trur det er første gangen nokon har hatt problem med å dra meg ut at eit museum... Høgdepunkt som kan nemnast: Skikkeleg gamle elektriske motorar, demonstrasjonen av lyn og ein original grønlands kajakk.