søndag 27. september 2009

Kvardagsbetrakningar II

Ting eg har notert meg i det siste:

Det er mange folk på toppen av Snøhetta ein septemberlaurdag med fint ver. Nesten like mange som i bymarka.

Spesielt mange Energi og miljø-folk. Minst 8.

Toppen var litt skuffande: Var byggeplass der...

Turførstehjelpskinet mitt inneheld ikkje sårvask og det er nesten tomt for plaster. Men no har eg i allefall strips og sportstape.

Moskus ser fredelege ut, men 250m er passe avstand, trur eg.

Hausten er tida for å ta fine bilete!

Dersom ein sett opp hyller i boden, går det an å gå inn der utan å trakke på noko. Men å montere hyller i ein full bod er ikkje heilt enkelt.

Etter å ha mast i 2 år fekk eg MatLab på jobb!

Alle på avdelingen blir nedgraderte, frå kontor til avlukke. Bortsett frå sjefen sjølvsagt.

Verdens største sveiseapparat verkar! Inntil vidare...

Ikkje alle meiner frukost og Braveheart er passer sammen. Sjølv synst eg at det er ein kjempekombinasjon.

iam.no meiner det er 2 i Norge som heiter det samme som meg, ein som bur på Osterøy og ein som bur i Oslo. Merkeleg nok har begge samme telefonnummer som meg.

Dersom det er lang kø i Tyholttårnet, må ein gå bakover etter kvart som ein nærmer seg baren.

Note til meg sjølv: Neste gang nokon spør om å få låne bilen for å dra på IKEA, og det er jenter blant dei; IKKJE bli med.

Note til meg sjølv II: Dersom ein har eit glass med saft og 2 kjeks i samme hånd og kjeksa knekk; IKKJE prøv å redd kjeksa.

Note til meg sjølv III: Vask bilen, eller i allefall ta ein kjøretur i regnet.

søndag 30. august 2009

Sommar -09

Det kjem kanskje fleire bileter etter kvart.

Denne sommaren har kanskje vore den travlaste/mest innhaldsfyllte eg har hatt nokon gong. Noko som resulterte i at eg berre var heima på øynæ ein kveld...

Fyrste post var bryllup i Nederland. Men aller fyrst ein liten stopp i Oslo, med bading avbrutt av tidenes verste sommarbyge. Tidleg opp (04.00) for å nå første fly til Amsterdam. Ein liten tur rundt i Amsterdam, slik at eg kan skrive eit kapittel om byen i reiseboka mi «Europeiske storbyer på under 2 timar». Så tilbake til flyplassen for å hente ut leigebil. Berre eit problem: kven skal me eigentleg hente bilen hjå? Etter mykje om og men fann me tilslutt ut at det sto Hertz i eit av mange vedlegg i mailen eg hadde fått. Rett ut på motorveien og med litt hjelp frå TomTom (som har vore ein god reisekamerat i heile sommar), fann me fram til hytta vår i Ferwert, nord i Nederland.

Det er flatt, men likevel veldig fint i Friesland. Ope landskap og veldig gjennomførte landsbyar. Kanalane og vindmøllene må og sjølvsagt nemnast. Språket, frisisk, skal visstnok ligne på både norsk og tysk, men eg forsto aldri noko...

Bryllupet trur eg var ein lett blanding av norsk og nederlandsk. Hestevogn, koltbord, nederlandsk folkedans, folkedrakter, 150 små bryllupskaker og eit brudepar i nederlandsk folkedrakt og norsk bunad er høgdepunkt som må nemnas.

Så var det opp igjen til Norge og rett til Hemsedal, der eg kom 2 dager for seint til oppstarten av Fjellbibelskulen Opptur. Kan eigentleg ikkje skrive så mykje om desse 4 vekene fordi opplegget er så hemmeleg at me ikkje fekk vete kva me skulle gjere før kvelden før, og ofte ikkje da heller. Men eg kan seie at det var eit veldig bra og intensivt opplegg, med veldig god og tankevekkande undervisning, gode turar og mange andre artige og utfordrande aktivitetar. Takkar alle deltakar og leiarar for ein fantastisk sommar.



Diverre er det få ting som varer evig, bibelskulen var over, og eg måtte vidare. Ein liten stopp på Gol for å besøke Knut og gå på ein passande topp i Hallingskarvet. Deretter vidare til Kristiansand og krik-leiren Arena. Der var eg leiar; frisbee-instruktør. Deltakarane våre var ein fantastisk gjeng, noko som gjorde at dette vart ei enkel og artig veke, til tross for at det var litt trangt og mus på hytta.

Det har vorte mykje kjøring i sommar, over 5000km. Heldigvis har eit ofte hatt passasjerar og sidesjåførar. Den lengst turen, men som ikkje føltest så lang, var til Lyngdal sist helg. Fyllte opp bilen og kjørte opp og ned, med ein overnatting på Fåvang. Målet var sommarens andre brullup, denne gang mellom amerikaner og ei norsk jente. Begynner å bli vant til bryllup med oversetting, men denne gangen forsto eg begge språka. Takker for god underholdning, TP, interessante og uinteressante historiar og artig «grilling».



Har jobba i 3 veker allerede, og har blant anna hatt besøk av søstra mi. Greide å dra ho med på to turar, blant anna til Sokndalen sammen med fam. Fossum. Her er eit reklamebilete:

lørdag 4. april 2009

Ten seconds of fame

Da har TV2 endeleg sendt innslaget som dei lagde i februar. (sjå blogginnlegget litt lenger ned) Fekk heile 10 sekund i fokus. Og eg fekk sagt "versegod". Flikka forresten merkeleg med augo.

Håper at eg ikkje tar heilt av som kjendis. Merker at eg er litt langt oppe no...

søndag 1. mars 2009

Diverse kvardagsbetraktningar

Skal bytte kontor igjen i mars. I april vert det bestemt om bygningen me flytter til skal rivast.

Burde gått på ski istadenfor å sykle til jobb fredag.

Gler meg til neste vintertur, nå med pulk istadenfor tung sekk.

Vurderer å ta med pulken opp i marka for å teste den. Treng noko tungt.

Det vart tur utan pulk, med solbriller, men desverre utan solkrem.

Fuglehund er tydeligvis ikkje den enklaste hunden på gå på skitur med. Ei dame med ein veldig leiken fuglehund gjekk forbi nesten 10 ganger. Dei vart snart tatt igjen, medan dama prøvde å få bandet laus frå trer, andre hundar, ungar, ski og egne bein. Vart ganske morsomt etterkvart.

Hybelbuaren min har ein tendens til å gløyme nøkkel, og eg har ein tendens til å ikkje høyre verken telefon eller ringeklokke når ho vil inn.

Sol ute. Trur det er litt lite sol inne. Kanskje det er derfor plantene mine ikkje lever lenge. Må vurdere å setje dei nærmare vindauga.

Endeleg litt framgang i munnspelspelinga. Med denne farten kan eg vurdere å spele for andre om ein 4-5 års tid.

Det snør. Trur eg tar biln.

Trøytt. Må slutte å spele brettspel til langt på natt. Nei, må slutte å vakna så tidleg om morgonen.

Egg til frukost? Ja.

Frukostfilm. Dårleg. Får sjå den ferdig seinare.

Gå, sykle eller kjøre til Frikyrkja i dag? Sykle!

Rakk akkurat siste runde på 5 mila. Nytt VM-gull.

2 søskenbarn er på TV! Bra det er nokon sangfugler i familien...

fredag 13. februar 2009

TV2-kamera 10cm frå fjeset

Vart utsatt for eit TV2 kamera i går. Kameramannen var så nærgåande at det var så vidt eg unngjekk å dunke bort i kameraet medan eg serverte suppe i Vår Frues Kirke.

Reknar eigentleg med at det berre er henda mine som vil synast på tv. Legg da merke til kor mykje suppe eg søler på talerkane. Håper for all del at dei klipper vekk ein håplaus kommentar og då nokon, med god hjelp frå meg (og kameramannen), søler.

Rekner med innslaget vert sendt på Lørdagsmagasinet den 14.02, omlag 1850-1930, men tviler på at eg vert kjendis etter dette....

torsdag 25. desember 2008

God Jul!

Blogging

mandag 15. desember 2008

Haustbileter

Nokre haustbileter, dei fleste frå Rensfjellet














torsdag 4. desember 2008

Gøyaste dagen på jobb hittil!

...men kunne og vorte ein veldig kjedeleg dag.

Det er alltid spennande å teste eit anlegg, men det er ekstra spennande når ein sjølv har funnet på måten å teste det på, og dei gamle ringrevane synest det var ein "artig" ide som lett "kunne" verka. Etter 4 dagar med rigging, simulering og kløing i hovudet greide me å luke ut mange feil som lett kunne ført til store straumar, eksplosjonar, brannar og smelting av metall.

Eg var eigentleg ganske sikker på at det ville gå bra da me endeleg var klare til å starte opp. Men så legg skulle det ikkje vere. Strømmen svinga som besett, og det høyrdest ikkje ut som omformaren hadde det særleg godt. Ein annan nykomming hadde sett feilen nokre timar før, men ein høyrer ikkje alltid på nokon utan erfaring. Den måtte påpeikast av ein gamal ringrev før me fann det best å gjere noko med det.

Resten av dagen og kvelden var det eigentleg berre halleluja-stemning. Alt virka, ingenting blei varmt og me slepp å bruke resten av månaden på å forklare og spøke med at me har sprengt eit anlegg. (som andre har måtte gjordt i det siste)

Gler meg til neste test i prøvefeltet, som begynner allereie i morgon :-)

mandag 1. desember 2008

Interrail - Del I









På tide å skrive reisebrev/blog snart, før eg gløymer ut alt.

Lite av turen var planlagt på forhand. Me hadde kjøpt Lonely Planet for Aust-Europa i tillegg til ei amerikansk reishandbok. Aust-Europa var nemleg planen den fyrste veka.

Dag 1:

Ferien hadde nærma seg alt for fort, og alt for mykje skjedde sjølvsagt siste dag på jobb. Men den litle brannen i transformatoren var ikkje min feil... Vart no sånn cirka ferdig med alt eg skulle gjere. Eller fekk nokon andre til å gjere det.

Sneik meg i allefall ut og på det første toget på reisa, ettermiddagstoget til Oslo. Der møtte eg Knut, som skulle få vere maks ein halv km frå meg dei neste 3 vekene.

Dag 2:

Etter ei natt i Oslo, gjekk turen sørover. Götenborg, Malmö, Køpenhavn. Sistnemde er den første aktuelle byen til å få vere med i reiseboka «Storbyar i Europa på under 2 timar». Dersom me hadde eit par timar i ein by til neste tog gjekk vidare, kunne me lika godt skomma fløyten av det viktigaste å sjå i byen, sjølvsagt utan nokon form for guiding.

Prosedyren er enkel: Ein kjem til ein ny by, sjekkar når neste tog går og om det går frå stasjonen ein er komme til, finn ein plass å plassere sekkane dersom det er tid eller ikkje altfor lang kø, får tak i eit kart, ser om ein finn nokon turistplassar som er i nærleiken av togstasjonen, går i RETT retning ut frå stasjonen, et det første og beste ein får auge på, fortsett på rundturen og passer på at ein kjem tilbake til stasjonen akkurat tidsnok til å finne nokon ledige seter på toget. Kjapt, effektivt og masse bileter!

Tilbake på toget og togbåt over til Tyskland. Danskane er nemleg galne nok til å kjøra heile tog inn på båtar og frakta dei over til fastlandet. Allerede på båtturen begynnte me å sakna den friske norske lufta. Over det europeiske kontinent framom oss låg nemleg ein vemmeleg gul dis. Såg ikkje heilt bra ut. Og den lufte skulle me puste inn i 3 veker....

Etter kvart begynnte det å verte seint, så seint at det var på tide å finne eit hotell. Me hoppa derfor av toget i Lübeck, eit tilfeldig og godt val. Me rakk akkurat å finne eit ledig gjestehus før resepsjonen stengte. Lübeck er absolutt ein by som er verd å besøke. Êin gammal, rik handelsby med mange vakre hus, gjennomført stil og kyrkjer i alle himmelretningar.

Dag 3:

Vidare til Hamburg og Berlin i 320 km/t. Det går utruleg mange tog i Europa og det kan vere vanskeleg å få oversikten. Heldigvis har Deuche Bahn ei kjempegod søkeside, db.de. Søker du på Trondheim-Roma, får du opp bra reiseruter, og det tar faktisk ikkje så utruleg lang tid. Men me hadde ikkje internettilgang på toga. Løysinga vart derfor å ta bilete med mobilen av skjermen på internettkafeer. Me leita opp ulike aktuelle reiseruter og tider som kunne vere aktuelle, slik at me kunne velge litt medan me reiste.

Ein rask gåtur gjennom Berlin med ryggsekker Fekk i allefall sjå Brandenbürger Tor og forberedelsar til VM-finalen. Såg ut som det var enorme mengdar med folk som skulle samlast for å sjå. Men me hadde ikkje tid til å vente eit par dagar på finalen. Turen gjekk vidare til Praha samme ettermiddagen, gjennom små, trange, svingeta dalar. Me fann til slutt eit lubbent og billeg hostel og ein litt bedre plass å ete middag. Me prioriterte eigentleg god middag framfor ein fin plass å bu. Trur me brukte omtrent like mykje på mat som på overnatting.

Dag 4:

Endeleg ein dag utan reising. Heile dagen vart tilbring i Praha, kanskje den vakraste byen me var i på heile turen. Arkitekturen var 100% gjennomført i gamlebyen, som var skikkeleg stor.

På kvelden var me på kammermusikk-konsert. Eg synest det var kjempebra, Knut som speler fiolin, hadde høyrd bedre. Av og til er eg glad for at eg ikkje er altfor musikalsk.