søndag 29. november 2009

Ein spesiell og fantastisk haust!

Det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen. Fokuset mitt har nemleg vore (og er) heilt andre plassar.
Smil, klemmar, kos, kveldsturar, stjernehimlar og middagar med levande lys har vorte vanlege aktivitetar i det siste.
Takk Gunhild, du er fantastisk!

Andre (mindre) viktige hendingar i livet mitt i det siste:

Tråkktur til Nord-Trøndelag:


Tråkk (trakk.no) = super turgruppe
Grensetur langs svenskegrensa i Nord-Trøndelag vart grensesprengande for mange.
Gjekk frå Meråker og nordover, første halvdel i passe fint ver, resten i litt surt ver og enkelte plassar til dels mykje snø.
Brukte nesten 12 timar på 27 km denne dagen.
Søndag kunne 2 av 9 gå utan smerter, eg var ein av dei.
Det vart oppservert at to personar likte å ta oppvasken sammen.
Totalt sett ein utruleg bra tur, synst no eg, eller kva Gunhild?'

Tråkktur til Agdenes:



Agdenes er ein fin plass.
Bål på fjellet i nydeleg ver er ein fantastisk ide.
Og solnedgang på vei ned frå fjellet – håpar du kan vera med neste gang, Gunhild.

Speidartur:

Det er kjekt å vere speidarleiar på tur.
Anbefaler å prøve «Fattig og rik»: http://www.speiderbasen.no/vis/?id=1280 Trur det var mange som fekk litt å tenke på.
Anbefaler og å leike «Capture the flag». Spennande og slitsomt.
Enda litt usikker på om det var me som greide å slite ut speidarane, eller speidarane som sleit ut leiarane.
Sagt av speidar klokka halv ti: «Kan eg få gå å legga meg?»
Da finst utruleg mange dårlege metodar for å vaske golv.

Anna:

Besøk av gamle vennar er alltid like kjekt. Berre å ta ein tur innom visst de er i bartebyen!!!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Ka sa eg?
Stasjonsvogn gjorde susen..

Tor Inge sa...

Hmm, Focusen hadde faktisk ein viktig rolle heilt i begynnelse. Og det var faktisk litt avgjerande at eg hadde stasjonsvogn. Men det du nevnte om "Frustrerte alenemødre" stemmer ikkje.

Lene - Karin sa...

Du må leggja ut bilde av jenta di og`;)Lene K

Tor Inge sa...

Sjå på sofabiletet, så finn du nok ut kven det er. Ho er og på eit anna bilete :)