tirsdag 9. september 2008

Ford Taunus

Merete masar slik om at det er lenge sidan eg har skrevet på bloggen, så eg føler meg tvungen til å gjere det no. Og det skal komme innlegg om sumarferien, med bileter, før neste sumar.

Fatter'n sin første bil var ein Ford Taunus, 1974 modell trur eg. Taunusen var lik den på biletet, berre med ein litt sterk gulfarge. Sidan eg ikkje kan hugse at han klagte over den, tenkte eg det var ein god ide å begynne der eg og.
Det er vanskeleg å finne gode Taunuser, årgang 1974 for tida. Dei er for da mesta gjennomrusta og har runda dei magiske 66 tusen km. Og den rette gulfargen er umogeleg å finna. Kollisjonsputar, abs, antispinn, antiskrens, regulerbart ratt, ryggesensorer, klimaanlegg, regnsensor, innebygd tv, massasjesete og badstue finst ikkje på ekstrautstyrslista eingang.

Etter å ha tråla nesten alle bilforetningane i Trondheim fann eg det som må vere ein etterkommar. Litt større, litt sterkare, litt nyare, litt mindre rust, litt rolegare farge, litt mindre rånefaktor og litt dyrare. Ikkje like fornuftig som Corolla, men nesten.

Det måtte bli Europas nest mest selde bil dei siste åra, Ford Focus. Ikkje for orginal, ikkje for ordinær. Tysk kvalitet. (Sjå opp for skult reklame for Siemens) Den beste girkassa eg har vore bort i. Større plass enn ein Berlingo? (Ja, det er stasjonsvogn... finst nesten ikkje noko anna for tida, og det er stor plass til alt mogeleg rot i dei)
Fattern kjøpte sin første bil for ca 30 år sidan. For 3 år sidan kjøpte han bil nr. 3. Og den kjem han sikkert til å ha i 10 år til.

Kan ikkje love å ha Focusen i 15 år, men den burde holde ei stund..

Gler meg til å hente bilen om ei veke :-)

3 kommentarer:

Lene - Karin sa...

Gratulera med (ny?)bil;0)greit å å ha bil, så slepp ein å ta buss, so kan ver litt tungvint innimellom;)Skakje klaga eg då (kan ikkje klaga, for eg har ikkje lappen, men...), e blitt så vant med å ta bussen atte!! ellers alt vel i Trondheim??mangla vel berre kjæreste no eller??;0)når du har både bil og jobb. ikkje dårlig Tor Inge!!;=)

Unknown sa...

Med stasjonsvogn i boks er du jo klar til å stifte familie mann, knall!
Vil du være med å se på stasjonsvognen min må jo være det ultimate sjekketriks rettet mot frustrerte alenemødre;)

Tor Inge sa...

Det var baktanken ja. Det har absolutt ingen ting å gjere med plass og plass pr kr å gjere. Trur det er inn for einlege gutar å kjøpe stasjonsvogn/stor bil for tida. V70 stasjonsvogn og Caravelle er to eksempel frå jobbkollegaer på min alder utan fast følgje. Så det spørst om Focusen min kan konkurere med dei.