mandag 2. juni 2008

Glad eg bruker sykkelhjelm!

No tenker du sikkert at eg har trynt på sykkel igjen, men ikkje denne gangen.

Da heila begynte nemleg i dag da eg hadde sløst vekk eit par timar med nydeleg ver og heller jobba overtid. Det verka som kråka venta på meg når eg kom ut av døra. Den såg rett på meg og skreik medan eg gjekk forbi treet den sat i. I da eg passerte under, flaug den ned og omlag 1 meter over meg.

Ja, ja, eg kom meg i allefall bort til sykkelen og fekk på meg hjelmen. Kråka sat enda i treet og var like sint. Eg låste opp sykkelen og sto stille i 5 sekund medan eg vurderte kråka og vegvalet mitt. Eg kunne gå i ein ring rundt treet, heilt inn til veggen på Siemens-blokka, utan at eg kom nærare treet med kråka. Alternative ville vere ein omveg på minst 100 meter. Men valet var lett, ei kråke kan da umogeleg vere farleg.



Eg satte meg roleg på sykkelen og sykla den tenkte ruta. Men det var ikkje kråka einig i. Igjen stupte den mot meg, denne gangen omlag 1 meter over meg. Det begynnte å verte utriveleg no. Føtene gjekk raskare no, men ikkje sykkelen gjekk for seint. Altfor lett gir. Men no måtte eg konsentrere meg om kråka. Eg hadde sole i ryggen, og såg styggen til kråka komme mot meg bakfrå. For å unngå kråka la eg meg ned mot styre. Denne gangen kunne eg høyra flaksing til kråka i da den snudde rett over meg.

Framfor meg var det nokon trer. Kanskje eg kunne utmanøvrere kråka ved å sykle tett mellom dei. Kråka flaug ikkje rett på eit tre, slik som eg hadde håpa, men heldigvis ikkje på meg heller. Men den var nærare enn nokon gang.

Berre 10 meter igjen til vegen med mange bilar. Dersom eg kom meg til fotgjengarovergangen og bilane ville kanskje kråka gje seg. Alternativt ville mange fått seg ein god latter dersom dei hadde sett ein samankrøkt syklist med ei innpåsleten kråke over hovudet. Men kråka hadde enda tid til eit angrep før vegen. Det var ikkje nokon fleire tre å slenge seg rundt no. Eg var i ope og farleg terreng. Skuggen til kråka kom enda lågare denne gangen. Eg låg no heilt nede med brystet mot styret. Overgangen nærma seg og eg måtte løfte hovudet og sjå etter bilar. Akkurat da eg hadde konstatert at det ikkje kom nokon traff kråka. Den sneia nedi hjelmen min snudde for siste gang.

Har aldri vore redd fuglar før, men trur eg skal vurdere bruke den andre inngangen i morgon tidleg, i allefall visst det sit ei kråke i treet. Og kanskje Hitchcock sin film "Fuglene" er skummel neste gang eg ser den?

2 kommentarer:

Oddrun sa...

Nice! Se opp for måser også.. og trykkleif i overskrifter!

:D

Tor Inge sa...

Vart angrepet i dag og, den var ikkje like nærme, men den gav seg først etter fotgjengarovergangen. Såg eit smil hjå bilisten som stoppa for meg medan eg hadde kråka flygande rundt meg.

Må vurdere ein omveg i morgon.