mandag 12. november 2007

Alternativ varmepumpe

Etter å ha gått 5 år på Energi og MILJØ, vert ein faktisk litt bevisst på energibruk. Lite varmetap var faktisk viktig da eg kjøpte leilegheit. Dessverre, så vidt eg har lest meg til, er det ikkje lov å ha varmepumpe her. Det hadde uansett vorte dyrt da eg bruker ganske lite straum til oppvarming.

Ein billegare og tillate løysing er å bruke ein gammal fryseboks som varmepumpe. Den må da stå i stova og eg kan tenkje meg at den må fyllast dagleg med ei ny bøtte med vatn ettersom ein liten fryseboks har ein nedfrysingskapasitet på 10-12 kg/døgn. Vatnet vert kjølt ned og frys, og energi går frå vatnet til rommet.

Dersom ein antar at effekten til fryseboksen er på 50 W, (trur faktisk dette er litt mykje), at den går kontinuerleg og at den greier å kjøle ned 10 kg vatn frå 20 grader til -18 grader på 24 timar. I tillegg til 50 W varme frå den elektriske energien, får ein da 53 W varme frå vatnet. Det gir ein virkningsgrad på 2,1. Ein får dermed dobbelt så mykje varme som om ein hadde brukt ein elektrisk omn!

Da er det berre å finne nokon som gjev vekk ein fryseboks på finn.no.

Eit problem er isen. Den må takast ut for at ideen skal verke. Men det er sikkert plass til litt på terrassen.

4 kommentarer:

Jon Ivar sa...

Du kan jo lage skulptur i hagen, eller kanskje begynne i isbitbransjen?

Øyvind sa...

Dessuten er vel de varmepumpene folk klest kjøper best egnet for de som bruker mye strøm til oppvarming i den varme årstiden?

Tor Inge sa...

Isbetar høyrest artig ut. Må berre gjere ein liten markedsundersøkelse snart. Har ein aning om at markedet er størst om sumaren, når eg ikkje treng varme.

Litt skeptisk til skulptur i hagen, da eg sikkert må søkje om løyve til burettslaget.

Det er rett at varmepumper virker dårleg når det er verkeleg kaldt, men kor ofte er det minusgrader i Bergen og Arendal?

Øyvind sa...

Om du bor i Bergen eller Arendal er nok varmepumpe en grei investering, men det er vel ikke der du har kjøpt leilighet!?!